Det er 3 luker att i julekalenderen og julekorta er for det meste sendt/levert ut..
Så kan eg vise det fram her..
Tenkte å ta julekortbilder sjølv, men sidan vi var hos fotograf i slutten av november med han som er snart 1 år, ville tilfeldighetene det slik at det vart motiv derifrå i år..
Kanskje ikkje det mest tradisjonelle, sukkersøte julekortbilde med smilande barn på i år.. Det får vi ta att neste år... Men eg er sææærs nøgd med englane mine... <3 (sjølv om den eine grèt og den andre tullar..)
For alle i Ålesund og omegn vil eg anbefale dyktige Aida Kjerstad Urkedal/AidaFoto..! Vi har nytta henne til bryllup, gravid, baby/dåp og 1 års/familiefotografering.. ALLTID nøgd!
----------------
I dag reiste pappaen i Nordsjøen, for turnusen ville det slik at vi ikkje fekk han heime i jula i år.. Blir litt rart, men på den andre sida er dette noko som høyrer med den jobben han har.. Så gutane og eg gjer det beste ut av det og kosar oss likevel. Idag er det julemusikk og julebakst på programmet..!
onsdag 21. desember 2011
torsdag 1. desember 2011
1. desember!
Dagen er her endeleg! Litt vemodig i år, sidan det er min siste månad i permisjon.., men FOR ei avslutning det blir! Ein spent storebror trippa frå soverommet og til stua i dag og stråla om kapp med adventsstjerna i dei mørke morgontimane, der han venta på klarsignal til å åpne første pakken...
Kalenderen er den same som han alltid har hatt, søte julemus frå SIA, kjøpt den jula han var 3 år.
(Inni er det ein demontert Lego Star Wars-kalender....)
Ikkje ofte eg gjer meg klar for senga i disse tider, men tiiiidleg i morgon set eg nasen mot Riga saman med mannen og eit venepar... Ååååhh som eg gler meg!! Det skal bli 3 dagar med kos, julegåveshopping og tid til kvarandre..
Abonner på:
Innlegg (Atom)