onsdag 29. juni 2011

Jubileum og feiring!

Det å ha bryllupsdag er i grunn ikkje så verst..



På stova har eg no ståande denne flotte buketten som mannen kom heim med!










Ellers så registrerte eg no at telljaren har passert heile 20.000 unike treff!




Det er ganske så stort for meg at so mange der ute har kikka innom vesle Breidablikk-bloggen..




Så dette må vel feirast på ett vis!


Skal tenke ut ein fin premie - så må eg vel køyre ein aldri så liten gi-vekk tenkjer eg...





tirsdag 28. juni 2011

Latmannskolebrød

Som nevnt i gårsdagens innlegg har eg baka Latmannskolebrød etter oppskrift frå herlege Pickles!


Oppskrifta var enkel og kjapp, og smakte fortreffeleg!


Dei søte og sommarlege muffinsformene er frå Cacas..


Deig til 12 skolebrød
3 dl melk, ca 30 grader
1/2 pose tørrgjær
et par dryss salt
et par dryss kardemomme
1/2 dl sukker
ca 6 dl mel
50 g smeltet smør

Fyll
1 pk Piano vaniljekrem
1 pk vaniljekesam
(Eg brukte berre vaniljekrem..)

Løs opp gjæret i melka før du blander i resten.
Du trenger ikke røre lenger enn til at alt har blandet seg og blitt en jevn masse.

Sett til heving i litt over en time.

Sett ovnene på 220 grader

Bruk et muffinsbrett med former som du pensler eller sprayer med formfett.

Bruk 2 skjeer, og fordel deigen i de 12 formene med skjeene.

Bland så fyllet (kesamen kan utelates, vi bare liker det bedre),
og sprut en god sprut inn i hver deigklump med en kakesprøyte.

Stek midt i ovnene i ca 12 minutter.
Avkjøl, ha på melis og kokos!


Enjoy!

mandag 27. juni 2011

♥ 3 års bryllupsdag i dag! ♥

Tida går so alt for fort!

Det var då ikkje so lenge sidan eg planla bryllup vel?
Men i dag er det heile tre år sidan vi vart herr og fru..
Ikkje så aller verst det i grunn!


Dagen er feira saman for fyrste gong, sidan mannen har vore offshore dei foregåande åra..
Men det har vore ei heller roleg feiring - med Findus fiskegrateng til middag.... hihi
No i kveld har vi kosa oss med latmannsskolebrød som eg laga til barselgruppebesøk i morgon...
Bilde kjem - men må kanskje lage fleire i morgon...!


No skal eg kose meg med flotte bilete og rapportar frå alle dykk som har vore på Glansdag i hovudstaden... Har gått glipp av noko ser eg.. hihi


lørdag 4. juni 2011

Polkadot Cupcake-laurdag!

Endeleg litt sol på Sunnmøre og! I dag har vi berre kosa oss.. Det har vore ein dag med feiring av bursdagar og kvalitetstid med familie.. Kva meir kan ein ynskje seg?


Lidyll utfordrar alle til å vise fram polkadottane sine.. Etter ein rundtur i heimen registrerer eg at eg har svært få av sorten..? Men prikka cupcake-former har eg!



Heia Noreg og fin laurdag!



onsdag 1. juni 2011

Kjære vene..

Sett Dagbladet.no? Sett "trendanalytikaren" som uttaler seg om kor kjedelige, lite kreative og gammalmodige vi småbarnsforeldre busette på bygda er?

Eg kjenner kor oppgitt eg blir.. Han har kanskje reist verda rundt.. Men han har ikkje vore i Blogglandia.. Det er i alle fall sikkert og visst!



Biletet er frå i fjor sommar.. Hurra for første sommardagen!

Håper alle får ein fin fridag i morgon! Her på kjedelege bondelandet skal denne uorginale småbarnsmora bake saman med eldstemann før vi tek oss ein fjelltur..