fredag 2. september 2011

Vi har ein vinnar!

Eg er ein fan av det enkle - så takk til Random.org for hjelpa!



 ** Trommevirvel! **



 Vinnaren er lucky number six!

 Telle nedover....  Og det vart BARBRO!!



Gratulerer søte deg! En stk pakke coming your way!

God helg til alle saman og takk for at dykk ville bli med i min lille Gi Vekk!
No skal eg fikse eit kort og bake cup cakes til mamman min - som vi skal feire i morgon..


 

torsdag 1. september 2011

Gi Vekk-avslutta!

God kveld damer! Då er eg heime frå trening og skal finne senga etter ein dusj. I morgon tidleg skal eg gå igjennom alle kommentarane og trekke ein vinnar - kun kommentarar posta FØR dette innlegget blir tatt med..

onsdag 31. august 2011

Kvardag..

Så er dei her igjen.. Kvardagane.. Kjenner på at det eigentleg er godt. Komme i rutiner igjen. For vår del er det ein heilt ny kvardag. Storebror er blitt skulegut..


Men vi har hatt ein aldeles strååålande ferie! Stort sett hatt flaks med vèret, kosa oss med god mat, gode vener og fått ferieminner for livet..


Men no er det strieskjorte og havrelefse som gjelder! Og klesvask i lange baner..


Denne søte boksa til klesklemmer er ny.. Vart ikkje shoppa so mykje som eg kanskje hadde tenkt på førehand, men denne fekk vere med heim frå sjølvaste Gekås, Ullared! (hihi - skal komme med fleire bilete frå handelen der..!)

PS: I morgon er dagen då vinnaren av min lille Gi Vekk skal trekkast - så har du ikkje gjort det enno; kommenter i innlegget under!

søndag 24. juli 2011

Gi vekk!

Som lova litt tidlegare i sommar, så vil eg køyre ein aldri så liten "Gi Vekk" for å feire heile 20.000 treff! Så om du vil vere med, kommenter under så får du eit lodd! Eg vil gjere det enkelt, så ingen ekstra lodd for hverken å bli følgjar eller å linke til meg, men om nokon har lyst til det, blir eg sjølvsagt VELDIG glad!

Premien blir ein firkantpose sydd av meg, som eg vil fylle med diverse interiørgodbitar som eg kjem over på min vei i ferien.. Og sidan eg mellom anna skal til Danmark så vil eg tru at eg kjem til å finne myyykje fint! Så sleng deg med!



(Dette er eigentleg eit jukseinnlegg som eg skreiv før eg reiste - når du les dette kosar eg meg FORHÅPENTLEGVIS i sola...)

Kommentèr i vei - vinnar blir trekt 1. september!

torsdag 21. juli 2011

Ferietid!

Då er vi i gang med siste forberedingane i Breidablikk-heimen, og heile gjengen er meir eller mindre klar for avreise!


Vi blir vekke nesten heilt fram til skulestart, så ein viss fare for at det blir litt stilt frå denne kanten.. Men det er de då vane med.. hihi



Men kven veit? Kanskje overraskar eg alle med ei oppdatering.. Anten frå mobilen eller mini-pc'en vi tar med for lagring av bilete på..


Så med desse bileta av "jordbær- og ostekakecupcakes" som eg bakte førre veke, ynskjer eg alle ein fin sommar vidare og kryssar fingrane for flott vèr på alle kantar av landet!!



søndag 10. juli 2011

Bursdags- og innflyttningsgåve

God søndagskveld!

Her i huset har vi hatt ein sæææærs roleg søndag etter ei hektisk veke med bursdags og andre feiringer.


På mandag var det jenta med den turkise sofaen som skulle feirast!



I kombinert bursdags- og forseinka innflyttningspresang hadde eg med 4 heimestrikka klutar, eller "tvøge" som vi seier på min kant av Sunnmøre, pluss ein oppvaskkost frå Søstrene Grene.


Eg hadde og sydd ein firkantpose av kvit lin frå Åhlèns, med fòr av turkis polkadotta boullsstoff.


Kjekt å sy litt igjen!

Håper alle får ei fin veke! Her i heimen står vi forran eldstemanns siste veke i barnehage før ferie og skulestart.. Veldig rart, litt vemodig og umåteleg spanande..

søndag 3. juli 2011

Blått er flott!

I går hadde vi fest saman med nokre gode vener! Det var godt selskap, god mat og god drikke..
Kva meir kan ein ynskje seg?


Sidan det ikkje er mykje sommar ute - laga eg sommar inne...


Sjølvplukka sommarblomar i kombinasjon med alt det turkise og blå eg har..


Ser det er mykje blomar og baking i innlegga mine om dagen..

Skal prøve å komme med meir interiørretta tema framover.. Men det er mykje feiring det går i med oss om dagen..