Laurdag for ei veke sidan var det høgtideleg feiring av 5 årsdag hos oss.. Ikkje mindre enn 16 utkledde og feststemte born i alderen 2 til 7 var med på å auke støynivået i huset til uante høgder i heile 2 og ein halv time.. Med full fart i retning "høggravid" er eg overraska over kor greit det eigentleg gjekk..
Men åremålsdagar som å runde det store FEM (sjølv om det ikkje er heeeilt enno) må markerast med ei feiring ein gut verdig. Så eg og min eigen "rekrutt frå Lom" tok fram boka frå vår ven Schakenda og starta prosjekt MUFFINS!
Muffins høyrer med i ein barnebursdag, og når ein er fem år må dei vere litt kule... Som sjørøvarmuffins til dømes.. Poden min er ikkje som alle andre når det kjem til kaker og slikt, og eg fekk klar beskjed om at "slike ekle bær" (*non stop) hadde ikkje noko å gjere i nærheita av hans muffins å gjere..
Jakta på alternativ pynt tok då til. Krokodiller vart eit kult alternativ som både mor og son kunne leva med..
Vi laga og sjokolademuffins, men dei forsvann som dogg for sola, og eg fekk aldri dokumentert akkurat det..
Men takka vere snille venninner fekk vi tatt eit bilete av kaka bursdagsbornet hadde ynskt seg!
Sjokolade-drage-kake!
Ikkje rette oppdraget for ei stressa mor på veg ut i permisjon, så eg sendte ynskjet vidare og mine bøner vart høyrt! *takk skal du ha Jea!*
(minnekortlesaren er endeleg på plass igjen!)
Etter ein roleg føremiddag skal poden og eg ha oss ei runde å ordne litt ærend.. Som litt meir lilla lys, litt blomar og kanskje litt julegåver?
Hei ☺
SvarSlettBursdagsfeiring er alltid gøy! Og nydelige kaker da. Så tøff dragekake!
Ha en flott helg og kos deg med magen! ☺
Klemmer JM♥
Hei hei!!
SvarSlettSå stilige kaker, kjempe tøff dragekake. Gratulere så masse med en stor gutt i hus :0)Så koselig at dere baker ilag, og jammen har han bakeskole forkle også!! Stilig!!
Kos deg med magen, ikke lenge igjen nå.. Har dere funnet navn??
*Klem*
-Kamilla-
Så kule krokodillemuffins og sjokoladedrage kake. Nå kan det jo ikke være lenge igjen til barnet kommer :-). Håper det ikke er så alt for tungt på slutten sv svangerskapet da midt i juleforberedelsene. Klem
SvarSlett