fredag 26. oktober 2012

Luksus-/valgproblem!

Om de fylgjer meg på Instagram har de nok sett at eg knuste mobilen min for ei tid tilbake.. Etter å ha bestilt repair-kit på nett, viser det seg at kun 2/3 av skjermen kunne reddast..

Så snille mannen min (saman med pappa og svigers) skal kjøpe iPhone 5 til meg til jul!
(Eg veit det berre fordi eg var på vei til å bestille ny telefon sjølv, og han måtte avsløre det... Så i år håpar eg at gåva kjem tidleg..)

L Y K K E !

Men når eg eeendeleg har fått den etterlengta iPhonen.. Så skal ikkje den lide same skjebne som den provisoriske HTC'n nei.. Så her må det et deksel til..




Foto: skjermdump frå favorittlista mi på Etsy...


Eit kjapt søk på Etsy seinare, viser det seg at det nok må meir enn eitt deksel til...

God helg!

Vi sender pappaen i Nordsjøen i morgon, og skal kose oss med ein eigen liten vri på Halloween..



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om du vil legge igjen ett ord, eller to, så blir jeg veldig glad :)