mandag 30. juli 2012

Hjallis-hue!

I løpet av den tida eg var vekke frå bloggen no sist, fekk eg faktisk produsert både det eine og det andre.. Ein av dei tinga var ei Hjallis-hue til minstemann!



Den vart ferdig i god tid til 17. mai, og vart kjempefin om eg må få sagt det sjølv... hihi



Mønsteret var kjempeenkelt og den var veldig deilig på!



No er det straks klart for å få gutta i seng, men det er ikkje strikking som står på planen i kveld nei... Eg kan hinte såpass at det er veldig lite på stova mi no.. Anna enn tomklang og maskeringstape... Hurra!




søndag 8. juli 2012

Instagram



Som så mange andre har eg fått meg Instagram-konto!



Eg har diverre ikkje iPhone og har venta i lengsel på at dei skulle sleppe app'en for Android..



Brukarnamnet mitt er.... ja du gjetta riktig..., Breidablikk...



Eg har dilla på diverse foto-app'ar om dagen.. både på telefonen og på iPaden... <3




 

fredag 6. juli 2012

Kjære bror..

Eg hadde ein av brødrene mine på besøk her om dagen.. Han skal ein tur på IKEA i løpet av sommaren saman med ein kompis, og lurte på om eg hadde nokre tips til kva han burde kjøpe..

Han hadde allereie plukka seg ut ei tv-møbel for å få meir oppbevaring på stua, men ynskte seg nye gardiner og kanskje nokre puter (for det var så innmari ubehageleg å ligga på sofaen..)

Eg var sjølvsagt fleire sjumilssteg forran og inne på IKEA.no for lengst, på jakt etter ymse han kunne (skulle) handle for meg...

Og mens eg tråla nyhendene og tekstil-avdelinga på nett, fann eg fleire ting eg tykkte han burde kjøpe.. Var det ikkje på tide med ein liten make-over av stova kanskje? Tross alt over eit år sidan han flytta inn...

Diverre var han ikkje eining i mitt, om eg må få seie det sjølv, stråååålande forslag!



(Barbro gardin - PS lampe - Popptorp stol)


Nu vel.. Ungdommen no til dags og alt det der...  Kva tykkjer du? Fint?



torsdag 5. juli 2012

Bloggtreff! i Ålesund!

Ojoj! Når eg har sett innlegg hjå andre interiørbloggarar frå bloggtreff dei har vore på, har eg ønska at noko slikt skulle blitt arrangert her i nærleiken og...

Ikkje at eg ser på meg sjølv som ein superbloggar, mine plutselege og tidvis lange pausar til dømes er vel ikkje akkurat tegn på det? Men eg er veldig interessert i interiør og trur eg hadde fått mykje god input og lærdom frå eit slikt treff!

Og no skal det skje!



Om dette kunne vere noko for deg, så send ein mail du og!

Info finn du her (hjå Jordbærpiken)


 

onsdag 4. juli 2012

Ønskeliste

Aj,aj,aj!
I desse dagar feirar Kremmerhus-bloggen sin fyrste bursdag, og det feirar dei med å gje vekk 3 (TRE!) ønskelister til ein verdi av 2500,- kvar!

Dett må eg SJØLVSAGT vere med på!

Eg har kjøpt mange favorittar på Kremmerhuset oppigjennom åra, og for tida er dette nye favorittar..






(hmm...ser at det går mykje i beige og grått/zink hos meg.. Bombe! hehe....)




Måtte vinnarlukka stå meg bi!



Edit: haha... ser no at eg var nok forseint ute.. fristen var på mandag! men la gå.. framleis favorittar om dagen, og framleis: gratulerer med dagen som var Kremmerhus-bloggen!



 

lørdag 16. juni 2012

Fram frå dvalen..

Eg har aldri vore så lenge vekke frå bloggen før.. Det skuldast dels teknologisk svikt.. Men aller mest fordi eg har ikkje hatt den heilt store bloggeinspirasjonen.. Men eg er rar slik.. Til meir eg har å gjere, til meir inspirasjon og skaparglede har eg! Så no som eg har byrja å jobbe igjen... Full stilling... No er eg klar for meir blogging! I tillegg fekk eg iPad i hus til helga, og etter eit lite raid i nokre favorittbloggar er eg verkeleg superinspirert! Eg har fleire prosjekt å vise fram sidan forrige livstegn, mellom anna soverommet vårt.. Og det skjer eit og anna i hagen om dagen...! Så følg med.. Er plutseleg tilbake!

søndag 19. februar 2012

Fastelavn!

Det er "sjølvaste" fastelavn-søndag i dag og no sit eg med føtene høgt, strikk i fanget og film på tv'en..
Blogginga har havna i baksetet siste tida, med sjuke ungar og anna stress. Men sidan sist er soverommet ferdig, litt nytt har kome i hus og nye prosjekt er under planlegging..

Popping av popkorn på bål i hagen!

Inntil neste innlegg legg eg ved eit bilete av vår fastelavnskos i dag.. Deilig med friskluft og nysnø!
(I år prøvde vi oss også på Berliner-bollar - som er min barndoms fastelavnsbollar.. Ingen ubetinga suksess.. neste år inviterer eg meg sjølv til pappa på besøk... hihi..)

God søndag!