tirsdag 28. august 2012

Materialistisk kjærleik!

For dei av dykk som evt følgjer meg på Instagram, fekk i går kveld med dykk at eg har fått meg ei ny leike... Eg har fått nytt kamera! Vi snakkar om ein digital speilrefleks ved namn Canon EOS 650D!



Ser for meg mange fine stunder og gode minner saman i framtida!




torsdag 23. august 2012

Det finns ikkje noko kunstverk...

..som kan måle seg med kunstverka som er laga av barnehender og kjærleik!


I anledning mannens forrige bursdag fekk eg gutane til å male bilete til pappaen sin ein søndag han var i nordsjøen.. Eldstemann har mala familieportrett, mens minstemann er av den litt meir modernistiske typen..



Av erfaring veit eg at resultatet blir best om eg tilbyr eit begrensa antal fargar, og stiller med reine penslar til kvar farge.. Denne gong var det svart og kvit fingermaling, samt gullglitter som vart sett på bordet...

Mannen satte stor pris på gåvene sine og eg er sååå nøgd med resultata sjølv! Gler meg til å få dei opp på veggen!


 

onsdag 22. august 2012

Forseinka bursdagsgåve..

Av og til er eg litt seint ute med ting.. Som å levere bursdagsgåve til ei som hadde bursdag to dagar etter at vi reiste på ferie.. (for eg kom då ikkje på å levere FØR vi reiste må vete!)

Eg er ein stor tilhenger av at det er ikkje prisen som avgjer verdien på gåva... Dyre ting kjøpt fordi dei er dyre, gjerne av nokon utan med anna smak enn ein sjølv, eller billig-ræl kjøpt berre fordi ein følte at ein måtte kan vere det same for meg.. Men når gåva er gitt med omtanke! Då er det med eit noko anna!

Eg prøver så ofte som mogleg å gje noko som betyr noko.. Anten det er i en spesiell farge, fordi eg veit mottagaren likar den.. Eller om det er noko mottagaren ønskar seg/treng/likar...

Og ei lita gåve treng ikkje vere kjip om den er lita.. Eg gav denne eska med te til ei venninne av meg.. Med heimelaga lappar med ord på som ein blir glad av (eller bør vere glad for)... Eska er frå Kremmerhuset..






Gratulerer med dagen overstått Susanne!

tirsdag 21. august 2012

Mobilbilete frå ferien 2012..

Vi skriv framleis august, så etter kalenderen er ikkje sommaren over.. Men kvardagen er over oss, med skule, barnehage, jobb og ettermiddagsaktivitetar.. Då er det godt å mimre litt!


Lune kveldar der ein kunne sete ute og kose seg!


Legge nye planar for framtidige prosjekt.. Som å ta ned den store furua som stjel sola litt for tidleg på kvelden...


Nye minner og nye eventyr saman med gode vener!


Bli fascinert av vèret..


Vere på stranda sjølv om ikkje vèret er optimalt.. 


Fyre i omnen og få ny katt..








(Tatt veldig få bilete på ferie i år.. Både med mobil og med kameraet.. Har det ein samanheng med vèret skal tru?)



Vinn eit skilt!

Eg diggar desse skilta frå Ramsign! Og no, om eg er riktig så heldig! Så kan eg kanskje vinne eit! (eller du...?) Vi skal snart få «ny» adresse heime, med nummer og gatenamn.. Det hadde vore kjekt å få nummeret opp på veggen! Eller gjerne «Breidablikk» og.. What to choose?! hihi




Ta turen innom Bengtgarden du og, og meld deg på!

mandag 20. august 2012

Bordkort!

I vår fekk eg i oppdrag å lage (invitasjonar og) bordkort til ein konfirmasjon. Krava var få.. Det var til ein gut som likte svart og grønt... OK... Prøvde meg på denne framgansmåten.. og digga det! Ein super metode når man skal lage mange, og kjekt med ein ekstrafunksjon; bordkortet fungerar som glas-merking og! Så veit alle kva for glas som er deira..




(Beklager dårlege bilete... mobil...)

Held på å lage fleire av desse, i andre fargar og med anna pynt, til ei heilt anna anledning denne gongen.. følg med! hihi...


mandag 13. august 2012

Sove søtt som ei kanin..

.. ja det håpar eg at veslebroren vil gjere om han får eit slikt sengesett!!

Det er lenge sidan eg har reklamert for nokon give away her inne.. Men dette lekre sengesettet som Silje vil gje vekk er berre so herleg! Eg har kikka på det ei stund, men ikkje somla meg til å bestilt.. Så vinnarlukke; her er eg! :D



Silje sin blogg finn de her ;)