Som de kanskje har forstått er dette med planlegging noko av det kjekkeste eg veit! Og i kveld er det julegåvene som skal planleggast (mens eg prøver å få veslemann til å ta kveld..)
Eg er glad i alt som er gjort, og bestiller gjerne ting på nett slik at det er i boks! Har faktisk ting som er på veg i posten allereie, og har ein plan for guttane sin julekalendar!
(Ikkje så effektiv som mammaen min diverre, ho vart ferdig med gåvene i går når eg og ho var på julemesse.. Og eg gler meg forresten veeeeldig til å pakke opp gåva MI.... Hihi )

Eg kjøper ikkje for å kjøpe, eg vil gjerne at gåvene eg gir skal vere noko mottagarane verkeleg blir glade for og set pris på! Og gjerne noko dei treng.. Legg eg unødig mykje press på meg sjølv sei du? Eg tykkjer ikkje det.. Det er juletradisjonen min dette..!
Korleis går DU fram i gåveplanlegginga?
God søndag kveld!
No skal eg ta plass ved symaskina og fikse nokre bukser, for no sovna visst minsten.. Vi bloggast!
- Posted using BlogPress from my iPad