fredag 28. januar 2011

Prøver på å vere praktisk..

No har kjøkkenet stått ferdig ei stund, og vi har fått bo oss litt inn i det. Er veldig nøgd med at så godt som alle løysingar var nøye gjennomtenkt og fungerar slik vi tenkte. Men ein får det vel sjeldan heilt 100% fyrste gongen.. Mitt lille "problem-område" er skapa over kjøleskapet. Sjølv om eg er høg når eg ikkje det som ikkje står fremst, utan å finne stol eller liknande..


Det var ganske naturleg for oss å bruke desse skapa til slikt som ein ikkje treng kvar dag.. Som for eksempel ymse vaskemidler.. Så for å gjere det enklare å nå tak i dei (og ikkje minst begrense sølet om ei av flaskene lek..) kjøpte eg denne fine bøtta på Kremmerhuset..


Fungerar akkurat så bra som eg håpa på - og ikkje minst; det SER mykje betre ut..


mandag 24. januar 2011

So ro, lille mann...

I haust har eit av mine prosjekt vore å pusse opp denne vogga, som i utgangspunktet såg slik ut...
Etter å ha pussa, pussa, pussa, beisa, måla, pussa, måla, pussa, måla og pussa IGJEN vart resultatet slik.



Til høgre i biletet skimtar ein etternamna åt meg og mannen, samt "2010" som eg har måla på..


På vogga heng dette nydelege stoffhjartet som eg fekk til jul av ei venninne.. Sidan lillemann kom julaftan passa det så godt å la det henge der, om enn litt blasfemisk..




Vi er godt nøgd, både eg og og lillemann som søv i den..

fredag 14. januar 2011

Jubileum

I dag er det 5 år sidan vi flytta inn i huset vårt.
Sidan den gong har poden gått frå å vere ein månad gammal, og til å vekse opp til å bli ein flott gut på 5 år. Vår lille familie har økt, og no er vi fire. Mannen og eg har blitt mann og kone, og saman har vi hatt fem fine år her. No ser vi fram til mange fleire - saman med gutane våre..


Dette er eit fasadebilete frå 2006 - mykje har skjedd sidan den tid, og meir vil det bli..



God helg til alle! Her feirar vi med solo og det store korslaget.. hihi

onsdag 5. januar 2011

Lillebror er her!

Ikkje så kjapp med oppdateringane her, men no er kvardagen over oss og eg har tid til å sette meg ned ved maskina igjen.


Det vart ei meget spesiell jul i Idun-heimen i år.. Lillebror bestemte seg brått for å gjere entrè på sjølvaste julaftan! Og det i full fart - tidleg om morgonen. Turbo-prinsen og eg var i kjempeform etterpå, så då reiste vi likegodt heim og feira jul saman med ein særs stolt storebror og ei mormor, ei farmor og ein farfar som var rett fortumla over at minstemann plutseleg var her.


Vårt nyaste familiemedlem er ei roleg sjel som har tilbragt dei 12 første dagane av sitt liv med å sove, ete og bæsje - på ekte baby-vis!