Viser innlegg med etiketten Iver. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Iver. Vis alle innlegg

mandag 14. januar 2013

- Velkommen inn, lille blå stol!

Denne kjekke lille karen fekk eg lagt av 
då ein barnebutikk på andre sida av fjellet skulle leggast ned..


Eg rakk ikkje hente den sjølv,
så eg fekk søskenbarnet mitt til å hente den..

Det var i fjor sommar..
I helga fekk eg endeleg somla meg til eit besøk
og henta den..

Til minstemanns stoore glede..
«sitte stolen min!»

mandag 24. desember 2012

Sjølvaste Julekongen..

Ja det må vel vere veslebroren vår det? 
Denne kjekke karen som kom som verdas beste julegåve til oss i 2010.. 


Foto: Aidafoto.no

Barnselskap og familieselskap var tidlegare i månaden, 
men vi må nok feire deg litt i dag og.. 
Før jula for alvor sett inn!

Det å sjå Tre nøtter til Askepott vil aldri bli det same igjen.. 
For to år sidan såg eg og du byrjinga på filmen på venterommet på sjukehuset 
mens vi venta på at farfar skulle kome med bilstolen din.. 
Den rakk vi ikkje ta med oss.. 
Og siste halvdelen såg eg heime i stova vår.. 
Som nybakt, overvelda og overlukkeleg tobarnsmor..


onsdag 19. desember 2012

Regnuekake!

Veslebror vert 2 år no i desember, 
og vart feira på forskot..

Tykkjer det er litt tidleg 
å dra i gong dei heilt store selskapa når dei er så små, 
men må no gjere litt stas på den minste bursdagsguten og!
Og kva er vel betre enn ei fargerik kake?
Med TOG?

Lite, om ein spør heidersgjesten..



Eg nytta denne oppskrifta, 
hadde bringebærmousse mellom laga og på toppen,
lokk av lyseblå sugar-paste
kvit smørkrem rundt kanten
(hadde kjøpt aaalt for lite sugar-paste gitt....)