Viser innlegg med etiketten Selskap/Fest/Feiring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Selskap/Fest/Feiring. Vis alle innlegg

onsdag 27. februar 2013

Gåve til bruda!

Når vårsola kikkar fram
og den friske vårlufta kjem sigande..

Ja då er det som regel 
eit utdrikningslag eller to som skal planleggast! *hihi*

Lite tips til ei fin gåve til bruda
frå meg i dag!




Eg har ved fleire anledningar 
laga fotobok
og samla minner frå dagen
i ei skikkeleg gåveeske 
til mine venninner..

Dei to eskene eg viser her
er rett og slett skoesker
som er kledd med ordinært gråpapir
og til slutt dekorert med ein stor og flott rosett
laga av plastikk-sperreband
i skikkeleg amerikansk «bachelorette» stil!


Eit festleg innslag på gåvebordet
og eit kjekt minne for seinare!

søndag 3. februar 2013

Fin søndag!

Håper at alle har hatt ein like fin søndag som oss?

Vi har feira dåpen til vesle Sofie,
nyeste tilskuddet til eit vennepar av oss.

Vi er så heldige at vi har fått bli faddarar
på dette vesle vidunderet,
noko som alltid er ei ære!

Til ære for den lille prinsessa laga eg is-kake
pynta med full-fart vimpelrekke..

I ekstra-gåve fekk ho ei ganske personleg sparebøsse..
(og eit fødselsbilete/plakat med nyfødtbilde og personleg informasjon)

Heimelaga kort er eit must for meg.. 

God søndag!!

No er bunaden av - joggebukse på
og eg er klar for TV og strikking!






(OF har løsna i varmen gitt.. )






torsdag 10. januar 2013

Tredveårslag

Viste ein liten smakebit frå pyntinga før jul
her kjem resten..

Ser at eg fekk fram stemninga best på nokre bilete eg tok rett før me skulle ete..
Etter alle var komne..
Men eg har ikkje for vane å legge ut bilete av andre utan deira vitande..
Så de får berre ta mitt ord for akkurat dèt.. 

Veggar og vinduskarmar såg ut som på bileta når me kjøpte..
Planen er at dette skal bli kvitt, kvitt og atter kvitt..
Men prosjekta i huset har til no gått forran..
Men ein vakker dag..












Nøgd med det siste bilete her.. 
Tenk om eg hadde fått fram lyset og fargane på same måten på dei andre bileta..



Eg har ikkje for vane å ha nyttårsforsett..
Men om eg skulle hatt eit i år,
så skulle det ha vore å bli ein betre fotograf..
Auke kompetansen i forhold til kamerabruk..
Kva for vinklar som eignar seg best..

Satsar på at eg ser ei betring neste år..


onsdag 9. januar 2013

Iron Man/Superhelt-fest!

I år ville eldsten ha Iron Man/Superhelt-fest.. 

Etter nokre runder med meg sjølv, 
og på Etsy og Pinterest mellom anna.. 
Fekk eg nokre idèar.. 
Diverre er rommet/lokalet vi brukar til feiringar 
ganske håplaust å fotografere i 
på grunn av mørke veggar og grelle vinduskarmar.. 

Men de får kanskje eit inntrykk av det..? 
Ein suksess vart det i alle fall, 
og bursdagsbornet sjølv kosa seg! 
(og det er strengt tatt det viktigaste...;))








// Vimpelrekke kjøpt på Etsy og fargerike julelys i taket over bordet

// Teikneserie-inspirert printa dekorasjonar på veggar

// Paperstraw og THOR fat, serviettar og koppar
(her hadde mor kjøpt kule raude fat osv, men er det bursdag så er det bursdag 
og bursdagsbarnet får bestemme.. hehe)

// små godteposar med superhelt-button til alle

// Super-Sigurd cupcakes med ring

// Ironman kake

torsdag 20. desember 2012

Smakebit!

Her kjem ein liten smakebit 
på pyntinga i tredveårslaget til mannen!




Det gjekk i svart, sølv og blå-turkis
Og med jula på troppene er det heilt lov
å bruke mykje julekuler
og juletrelys..
Eller hur?

Dette er i alle fall dekorasjonen over bordet..
Trollhassel
mini-led lys med varm-kvitt lys
små og store julekuler 


Overraskande kor mykje lys det vart!
Ingen hadde problem med å sjå 
hverken mat eller drikke på bordet 
for å seie det slik... 


onsdag 19. desember 2012

Regnuekake!

Veslebror vert 2 år no i desember, 
og vart feira på forskot..

Tykkjer det er litt tidleg 
å dra i gong dei heilt store selskapa når dei er så små, 
men må no gjere litt stas på den minste bursdagsguten og!
Og kva er vel betre enn ei fargerik kake?
Med TOG?

Lite, om ein spør heidersgjesten..



Eg nytta denne oppskrifta, 
hadde bringebærmousse mellom laga og på toppen,
lokk av lyseblå sugar-paste
kvit smørkrem rundt kanten
(hadde kjøpt aaalt for lite sugar-paste gitt....)





mandag 8. oktober 2012

Planlegging..

.. er halve moroa!

Eg kosar meg når det er tid for selskap.. Når eg kan byrje i god tid å tenke på invitasjonar, pynt og andre ting som kan vere med å sette ekstra stas på dagen!

Med to gutar, blir det nok ikkje å planlegge selskap med rosa ballongar og søte cup cakes og lemonade med det fyrste her i gården.. Men OJ kor mykje kjekt så går an å lage til likevel!

Etsy er ein kjær ven i slike tilfelle.. I fjor ville eldstemann ha star wars-bursdag..


Custom Invitasjonar bestilt her, kan trygt anbefalast for litt annleis invitasjonar!


I år er det Iron Man og andre superheltar som inspirerer! Eg kosar meg med nettshopping/titting.. Mange idear på gong her..