Viser innlegg med etiketten Bryllup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllup. Vis alle innlegg

onsdag 27. februar 2013

Gåve til bruda!

Når vårsola kikkar fram
og den friske vårlufta kjem sigande..

Ja då er det som regel 
eit utdrikningslag eller to som skal planleggast! *hihi*

Lite tips til ei fin gåve til bruda
frå meg i dag!




Eg har ved fleire anledningar 
laga fotobok
og samla minner frå dagen
i ei skikkeleg gåveeske 
til mine venninner..

Dei to eskene eg viser her
er rett og slett skoesker
som er kledd med ordinært gråpapir
og til slutt dekorert med ein stor og flott rosett
laga av plastikk-sperreband
i skikkeleg amerikansk «bachelorette» stil!


Eit festleg innslag på gåvebordet
og eit kjekt minne for seinare!

mandag 24. september 2012

Bryllupshelg!

No er veka starta og kvardagen er her nok ein gong.. Men det er sjeldan vi legg bak oss ei så kjekk helg som den som var! Bryllup er favoritt «høgtida» mi, og det er sjølvsagt ekstra stas når det er svigerinna mi sin dag, og eg fekk vere forlovar! Eit lite knippe bilete frå dagen...



Starta dagen med mozzell hos frisøren....




Fine kyrkja...




Nydeleg brud, kjole og bukett...



Champagne og brudepikebukett...




Spionar under fotoshoot med fotografen...



Vakre omgivelsar og rekvisittar...



Kjærleik...



Lekre sko...



Deilige, flotte kaka som brudeparet baka sjølve (!)...
4 etasjar med den nydeligaste mousse du kan tenkje deg... 


Gratulerer med dagen til dykk begge! Ynskjer dykk ALT godt!!