onsdag 26. september 2012

Book-Crazy..

Med hausten kjem skapartrong og skaparglede hand i hand på besøk åt meg.. Eg får lyst til å strikke, sy, scrappe, skape. pusse opp, bake.... Og for å toppe det heile fekk eg denne mailen frå bokklubben...



Kanskje med unntak av den boka som kofter.. Så frister alle! Eg vil sy om! Eg vil strikke ting med marius-mønster! Eg vil vere kreativ mamma og sy magisk søm! Og ikkje minst... Produsere haugevis av «babylykke»-barselgåver! ajajaj... Trur at eg må klare å begrense meg til to... men då.. Då blir det pakke i posten...!

mandag 24. september 2012

Bryllupshelg!

No er veka starta og kvardagen er her nok ein gong.. Men det er sjeldan vi legg bak oss ei så kjekk helg som den som var! Bryllup er favoritt «høgtida» mi, og det er sjølvsagt ekstra stas når det er svigerinna mi sin dag, og eg fekk vere forlovar! Eit lite knippe bilete frå dagen...



Starta dagen med mozzell hos frisøren....




Fine kyrkja...




Nydeleg brud, kjole og bukett...



Champagne og brudepikebukett...




Spionar under fotoshoot med fotografen...



Vakre omgivelsar og rekvisittar...



Kjærleik...



Lekre sko...



Deilige, flotte kaka som brudeparet baka sjølve (!)...
4 etasjar med den nydeligaste mousse du kan tenkje deg... 


Gratulerer med dagen til dykk begge! Ynskjer dykk ALT godt!!



mandag 17. september 2012

I'm a LADY!

Blir vel ikkje stort meir «dame» enn med neglelakk vel? Og i allefall ikkje om den neglelakken er frå LADY! Eg var så heldig å bli plukka ut som ein av ti vinnarar i ein konkuranse og fekk dermed pakke i posten! Og det er ALLTID like kjekt!





Fargane er Oliventre, Diskret, Elegant og Vital


Ha ei damete veke! ;)

torsdag 6. september 2012

Reality-check...

Eg hadde heilt andre planar for kva eg skulle blogge om neste gong, enn det eg skriv om akkurat no.. Tenkte på fleire små og store endringar i huset eg enno ikkje hadde dokumentert eller vist fram.. Dei tinga eg etterkvart no er nøgd med er i orden... Men tenk å få vere so heldig at eg faktisk KAN vere misfornøgd med gardinbrett og stygge bad... Tenk så heldig eg er som får behalde huset mitt og alle dei kjære minna i det?!

I dag mista eit vennepar av oss huset sitt.. Totalskada i brann... Tilbake sit ein familie på fem.. Heldigvis i god behald, men utan huset sitt... Heimen sin...  Det set ting i perspektiv..


Biletet er lånt frå smp.no





Tenker på dykk kjære!! <3 span="span">



Bloggtreff - tredje, og siste, del..

Le Grande Finalè 

Det som TOPPA HEILE DRIDEN...
















Lekkert pynta bord..
Den deiligste mat.. 
Hyggelig selskap..
Nydelig dessert..

TOPP kveld..

Takk til markeds- og informasjonskoordinator Janita Sperre Ulvestad, designer Rikke Wold og dekoratør/stylist Berit Steffensen!

onsdag 5. september 2012

Bloggtreff - del 2

Merkelig layout på forrige innlegg? Har ikkje heilt dreisen på iPad-blogging enno.. Nokre erfaringar der ute? Eg likar hverken appen eller nettlesar-funkskjonen... Hmm..

Men nok om det! Lat meg skrive om kjekkare ting! Som flotte møblar, kjekke damer, lekkert interiør og deilig mat! For kort oppsummert var det akkurat det fredagens bloggtreff kokte ned til. Ikkje noko anna å sei enn VELLUKKA!

Eg hadde i alle fall ein kjempekveld!

Hald fast! Her kjem bilderas!


Ja takk!







Mange damer samla i trivelege lokale!




Kanskje eit slikt «big corner» hadde vore noko? 





Raud sofa kan vere mektig.. men med kvitt og sølv vart det NICE!
Noterer idèar til kjellarstova her..



 Janita Sperre Ulvestad (Marketing and Information Coordinator) gir oss ei grunnleggande innføring i Stressless!





 NIB-Solveig er solgt ;)













Mange fotografar i sving på ein gong..


Du skjønar at eg kosa meg ja!?
Fleire bilete frå kvelden kjem plutseleg!



søndag 2. september 2012

Bloggtreff.. Del 1!

I går, fredag, var eg på eit knakande kjekt bloggtreff arrangert av Ekornes!
Meir om treffet kjem litt seinare. Har ikkje tømt kameraet enno, det vart litt seint i går og i dag har eg og guttaboys vore på shopping.. (ikkje mannen altså.. Hihi) det vart nye klede på både mammaen og dei, litt interiør-snop, og det siste oss trengte før bryllupet om nokre veker..

Men eg oppdaga i dag, at eg hadde klart å snike meg med på 3 av 3 bilete i dagens utgåve av Sunnmørsposten.. Godt jobba av ei som trives best bak kamera.. Herre!



God natt!



 <3 a="a" href="http://www.mylivesignature.com/" target="_blank">