onsdag 21. desember 2011

Julekort 2011

Det er 3 luker att i julekalenderen og julekorta er for det meste sendt/levert ut..
Så kan eg vise det fram her..

Tenkte å ta julekortbilder sjølv, men sidan vi var hos fotograf i slutten av november med han som er snart 1 år, ville tilfeldighetene det slik at det vart motiv derifrå i år..



Kanskje ikkje det mest tradisjonelle, sukkersøte julekortbilde med smilande barn på i år.. Det får vi ta att neste år... Men eg er sææærs nøgd med englane mine... <3  (sjølv om den eine grèt og den andre tullar..)

For alle i Ålesund og omegn vil eg anbefale dyktige Aida Kjerstad Urkedal/AidaFoto..! Vi har nytta henne til bryllup, gravid, baby/dåp og 1 års/familiefotografering.. ALLTID nøgd!

----------------

I dag reiste pappaen i Nordsjøen, for turnusen ville det slik at vi ikkje fekk han heime i jula i år.. Blir litt rart, men på den andre sida er dette noko som høyrer med den jobben han har.. Så gutane og eg gjer det beste ut av det og kosar oss likevel. Idag er det julemusikk og julebakst på programmet..!


torsdag 1. desember 2011

1. desember!


Dagen er her endeleg! Litt vemodig i år, sidan det er min siste månad i permisjon.., men FOR ei avslutning det blir! Ein spent storebror trippa frå soverommet og til stua i dag og stråla om kapp med adventsstjerna i dei mørke morgontimane, der han venta på klarsignal til å åpne første pakken...


Kalenderen er den same som han alltid har hatt, søte julemus frå SIA, kjøpt den jula han var 3 år.
(Inni er det ein demontert Lego Star Wars-kalender....)


Ikkje ofte eg gjer meg klar for senga i disse tider, men tiiiidleg i morgon set eg nasen mot Riga saman med mannen og eit venepar... Ååååhh som eg gler meg!! Det skal bli 3 dagar med kos, julegåveshopping og tid til kvarandre..

mandag 21. november 2011

Min hviite ønskeliste!

Nettbutikken Hviit.no har på bloggen sin ei ønskeliste utfordring!
Krava er ENKLE og er du heldig kan DU bli vinnaren..

Reglene er:
  • Du må lage en collage, eller på en annen måte vise frem din ønskeliste fra hviit.no
  • Collagen/bildet/innlegget må linke til hviit.no.
  • Du kan gjerne linke til dette innlegget også.
  • Du kan legge ut ønskeliste  for deg selv, barna, mannen eller  hvem du måtte ønske.
  • Du kan være med hver uke, med en ny liste.
Hver uke trekker vi en vinner som får en super gave. Kanskje et av ønskene blir oppfylt?! Høres ikke det gøy ut?


Her er mi ønskeliste.. Hint, hint mine kjære!







 

søndag 20. november 2011

Vaffel_hjarte_søndag!

Hatt ein fin og roleg søndag i dag. Sein frukost, sett film, liten grand førefallande husarbeid, laga bursdagsgåve til pappsen som er i havet, og laga vafflar til små kompisar på drop-in besøk.. Kva meir kan ein be om då?!


Fatet er kjøpt i ein hærleg og sær liten butikk i Reykjavik under vår tur til Island hausten 2009.. Diggar det!

 

lørdag 19. november 2011

Eg er i julehumør om dagen.. Litt tidleg sjølv til meg å vere - men eg klarer berre ikkje å la vere! 

Med åra har eg blitt meir og meir glad i tradisjonelle juleblomar! "MÅÅ" liksom ha julestjerne, svibel, Amaryllis og/eller perleblomar i hus.. Men i år har eg eit lite problem. Nærare bestemt eit problem på 81 cm og 11 kg... Veslebroren er høgt og lavt om dagen og eg er redd det er ein dårleg kombinasjon med giftige juleblomar i vinduskarmen.. Så julestjerna er vel då utelukka? Men kva med Amaryllis og perleblom? 

Er alt giftig og fy-fy? 
Forslag til alternativ...?



Illustrasjon; random google picture search..

No er det føtene opp og kakao i handa før eg finn senga - så er eg klar for kosesøndag med gutta. 
Vi har husarbeid og gåveproduksjon på tapetet. Kvardagslukke!

fredag 18. november 2011

Lovefilm

For nokre månader sidan vart eg Buzzador! Kort fortalt betyr det at eg er med i eit forbrukerpanel, der eg får tilbod om å vere med å teste diverse produkt og tenester om eg er innanfor målgruppa til dei forskjellige kampanjane. Tanken er at ein Buzzador skal teste, evaluere og videreformidle informasjon og meiningar om dei forskjellige tinga.. (Les gjerne meir om Buzzador her.)



I to månadar no har eg testa ei teneste som heiter Lovefilm.
Dei tilbyr leige av film og spel, der du som kunde kan sete i godstolen heime og via internett kan velge deg ut filmar du vil sjå og spel du vil prøve - så kjem dei heim i postkassa di. Du kan til ei kvar tid ha 2 filmar heime og returnere dei når du har sett dei via returkonvolutten du fekk saman med filmane. Du betalar ein månadsum og kan for den leige så mange filmar du rekk å sjå, utan å tenke på utlegg pr film eller til porto. I tillegg får du tilgang til mange filmar som du kan streame direkte på maskina di - noko som eg må seie var min favorittfunksjon!

Dei har eit stort utval i nye filmar og klassikarar - både på dvd og bluRay. Nettsida er meget brukarvennleg og det er og svært enkelt å returnere filmane i ferdig frankert og adressert  konvolutt.

For alle filmgale der ute er nok dette absolutt eit alternativ verdt å vurdere!

 

onsdag 2. november 2011

Jule-start..

hihi.. ja det ER tidleg.. Men eg har altså starta så smått på jula.. Men ikkje å pynte altså! Eg har kjøpt første gåva, eg har sikra eldstemann Lego sin Star Wars-julekalender, og eg har kjøpt litt ny pynt og anna stasj..

Eg elskar jula, tradisjonane, luktene, steminga, det spesielle lyset.. Førebuingane!
Er opptakta til jul i gong i din heim?



Bilete kjem etterkvart - dette biletet er tatt på Island for 2 år sidan..

onsdag 19. oktober 2011

Ei ekte Loppekasse!

På laurdag var eg på Loppemarked og fann for ein gongs skuld skikkelege skattar! Der var ein del Norgesglass faktisk - trudde alle var kjøpt opp av interiørbloggarar? Men det var ikkje det eg var på jakt etter denne dagen.. Vurderte ein del av dei kule, gamle koffertane.. Men arrangøren hadde fått med seg at dei var i vinden - og dermed var dei prisa deretter... Så det vart eit lite skap med vitrinedører som fekk vere med meg heim.. Det skal malast og få nye knottar mellom anna, før det skal få bo på lillebror sitt rom.. Men den veeerkelege skatten.. det er den her; 



Ei nyyyydeleg skuvseng! Synes denne er såå kul! Diskuterer engasjert med meg sjølv kva for farge den skal bli.. Om eg skal gå for eit trygt og nøytralt alternativ, eller slå meg laus med fargar!



Ein tidlegare kollega av meg meinte at denne var skikkeleg 50-talls med si trinnlause regulering og friske former.. Skal tru om den faktisk er så gamal? KUL er den i alle fall..

FØR/ETTER-innlegg kjem når eg har landa på kva for farge eg vil ha, og har fått mala skatten min..  

 

søndag 16. oktober 2011

Haustferien er over..

..men hausten er i full gang!

I morgon startar vi på andre veka med kvardag, etter ein fin-fin haustferie på austlandet med tanta.. Tida etter at vi kom heim har flaksa avgarde, som vanleg, men slik går det når ein kosar seg!


Bildet er tatt av meg - tilfeldig hausttre på Tøyen..

Denne helga har vore berre kos med vener og familie og loppis og kunst- og handverksmesse... Loppis var denne gong meir innbringande enn messa! Eg kom heim med eit supert skap som skal få seg ein make-over før det hamnar på lillebror sitt rom, og dit skal og ei superkul skuv-seng som eg vann bud-runde på! Hurra!!

Ellers går dagane med til vanleg husarbeid, samt førebuiangar til bryllup!
Eg elskar bryllup!
Denne gong er det pappaen min sitt det gjeld, og eg har sjølvsagt meldt meg til å lage invitasjonar (dei er ferdige og sendt ut for lengst..), bordkort, meny og kyrkjeprogram.. Med berre to veker att må eg få opp farta! Ynskjer alle ei strååålande helg!


torsdag 29. september 2011

Indian Summer!

På Sunnmøre i dag har vèret vore UPÅKLAGELEG!
Målaren har vist i overkant av 20 grader heile dagen, sola har varma frå nesten skyfri himmel og eg har hatt klede til tørk på verandaen.. Kvardagslukke!


Bileta er tatt på verandaen min i forrige veke, ein annan dag med brukbart vèr.. Kven skulle tru det har vore store mengder nedbør, vind og anna styggedom inn i mellom?

Bordet står på lista over ting eg ynskjer å bytte ut..


Den flotte rosa ropte til meg frå hagen at den ikkje ville stå der aleine, 
og slike anrop må ein ta på alvor..


.. etter at eg hadde klipt den og skulle ta den med inn for å kaste seinsommarglans over stova, oppdaga eg nokre svart dyr på stilken, heilt øvst ved sjølve blomane.. Ligna kanskje litt på flått, men det var ikkje det altså.. Men sidan eg ikkje visste heilt kva dei var, ville eg ikkje ta dei inn, så dei fekk stå på utsida av stovevinduet og danne eit slags stilleben der.. Så eg har hatt stor glede av den likevel.. 


Lyset stakkar bèr preg av ein sommar utandørs, om den var aldri så kort.. Snart skal det få selskap av litt  lyng i betongkrukka. Eg er klar for haustkos, og den ser så tom ut der den står..


Skiltet kjøpte eg seint i vår for svimlande 24,90,- på Europris.. Synes det passa godt inn, sjølv om du ikkje er i tvil om kva for retning havet ligg i når du står på verandaen hjå oss.. 

--------------------------

Er framleis på jakt etter eit OK redigeringsprogram for Mac! Er nok vekkskjemd etter årevis med PhotoShop.. Kanskje eg må sette opp Elements på ønskelista til jul?


 

fredag 23. september 2011

Gratulerer Amalie! :)

Vinnaren av Noregs vakraste heim er kåra, og vinnaren er Amalie og Svenngården!!



Gratulerer så mykje!! Artig at vinnaren er ung, reeeelativt nyetablert og ikkje minst; SUNNMØRING ;)

Eg kjører faktisk forbi Svenngården så godt som kvar dag, og er kjempespent på korleis påbygget blir!


 

torsdag 22. september 2011

Kvardagskos..

I dag har vi hatt besøk av minstemanns søte små venner..


Kjekkaste med permisjon er å kunne samlast på denne måten.. Dei små kan leike saman på golvet, mens mødrene kan drikke kaffi og slarve saman nokre timar..


Eg er sååå nøgd med den lille hjarteskåla mi frå Bruka! Passar til alt!

No er det stearinlys og tv-tid før senga kallar. Godt å vere inne når haustregnet plaskar ned ute..




PS: er på jakt etter eit godt, gratis redigeringsprogram til mac.. Tips?


torsdag 8. september 2011

Interiørgåver..!

Eg er avogtil litt rar.. For eg tykkjer det er minst like kjekt å GI gåver - som å få..



Og SPESIELT når mottakaren er glad i interiør..




For nokre helgar sidan var eg i 30års-lag og søte bursdagsjenta fekk denne skjønne, ildfaste skåla frå Bruka, i ein farge som matchar heimen hennar..


 Eg kjøpte og den lille i grått åt meg sjølv.. Den var då sååå fin!


 I tillegg fekk ho dette lerret som eg hadde laga sjølv.. Det og i fargar som passar heimen hennar..


 Men trur jaggu eg skal lage eit til meg sjølv og...

 

fredag 2. september 2011

Vi har ein vinnar!

Eg er ein fan av det enkle - så takk til Random.org for hjelpa!



 ** Trommevirvel! **



 Vinnaren er lucky number six!

 Telle nedover....  Og det vart BARBRO!!



Gratulerer søte deg! En stk pakke coming your way!

God helg til alle saman og takk for at dykk ville bli med i min lille Gi Vekk!
No skal eg fikse eit kort og bake cup cakes til mamman min - som vi skal feire i morgon..


 

torsdag 1. september 2011

Gi Vekk-avslutta!

God kveld damer! Då er eg heime frå trening og skal finne senga etter ein dusj. I morgon tidleg skal eg gå igjennom alle kommentarane og trekke ein vinnar - kun kommentarar posta FØR dette innlegget blir tatt med..

onsdag 31. august 2011

Kvardag..

Så er dei her igjen.. Kvardagane.. Kjenner på at det eigentleg er godt. Komme i rutiner igjen. For vår del er det ein heilt ny kvardag. Storebror er blitt skulegut..


Men vi har hatt ein aldeles strååålande ferie! Stort sett hatt flaks med vèret, kosa oss med god mat, gode vener og fått ferieminner for livet..


Men no er det strieskjorte og havrelefse som gjelder! Og klesvask i lange baner..


Denne søte boksa til klesklemmer er ny.. Vart ikkje shoppa so mykje som eg kanskje hadde tenkt på førehand, men denne fekk vere med heim frå sjølvaste Gekås, Ullared! (hihi - skal komme med fleire bilete frå handelen der..!)

PS: I morgon er dagen då vinnaren av min lille Gi Vekk skal trekkast - så har du ikkje gjort det enno; kommenter i innlegget under!