torsdag 29. september 2011

Indian Summer!

På Sunnmøre i dag har vèret vore UPÅKLAGELEG!
Målaren har vist i overkant av 20 grader heile dagen, sola har varma frå nesten skyfri himmel og eg har hatt klede til tørk på verandaen.. Kvardagslukke!


Bileta er tatt på verandaen min i forrige veke, ein annan dag med brukbart vèr.. Kven skulle tru det har vore store mengder nedbør, vind og anna styggedom inn i mellom?

Bordet står på lista over ting eg ynskjer å bytte ut..


Den flotte rosa ropte til meg frå hagen at den ikkje ville stå der aleine, 
og slike anrop må ein ta på alvor..


.. etter at eg hadde klipt den og skulle ta den med inn for å kaste seinsommarglans over stova, oppdaga eg nokre svart dyr på stilken, heilt øvst ved sjølve blomane.. Ligna kanskje litt på flått, men det var ikkje det altså.. Men sidan eg ikkje visste heilt kva dei var, ville eg ikkje ta dei inn, så dei fekk stå på utsida av stovevinduet og danne eit slags stilleben der.. Så eg har hatt stor glede av den likevel.. 


Lyset stakkar bèr preg av ein sommar utandørs, om den var aldri så kort.. Snart skal det få selskap av litt  lyng i betongkrukka. Eg er klar for haustkos, og den ser så tom ut der den står..


Skiltet kjøpte eg seint i vår for svimlande 24,90,- på Europris.. Synes det passa godt inn, sjølv om du ikkje er i tvil om kva for retning havet ligg i når du står på verandaen hjå oss.. 

--------------------------

Er framleis på jakt etter eit OK redigeringsprogram for Mac! Er nok vekkskjemd etter årevis med PhotoShop.. Kanskje eg må sette opp Elements på ønskelista til jul?


 

1 kommentar:

  1. sett det opp på ønskelista du Idun;-). Kunne ikke klart meg uten akkurat nå...
    Nyt "sommeren" så lenge dere har den... snart kommer snøen.

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ett ord, eller to, så blir jeg veldig glad :)