mandag 14. mars 2011

Tapas på ein mandag..

Kunne ein nok ønske! Men i dag var det nok "Brennsnut" som stod på menyen hos oss.. Denne herlege tapasen derimot serverte vi i dåpen til minstemann. Tapas er nok min favorittmat i heile verda! Når eg vert pensjonist skal eg kjøpe eit krypinn i ein spansk by og skåle i sangria tenkjer eg..



God mandag og ei flott veke til dykk alle!

fredag 11. mars 2011

Pynta til dåp..

Så skjedde det litt ånn splutseleg igjen.. Eg ramla ut av heile blogglandia og det tok nesten halvannan månad før eg brått var tilbake.. Eg veit eigentleg ikkje kvifor, men dagane har gått og har vore fulle av så mykje anna...

Men tida har ikkje stått stille i heimen, slik som på bloggen.. For 2 veker sidan bar vi minstemann åt dåpen! Og slikt er ei høgtideleg affære må vete, og slike dagar må feirast deretter.

Med alt for mykje god mat, uendeleg mange kaker (eit sunnmørsk kakebord er i ei klasse for seg sjølv), og ikkje minst; eit skikkeleg pynta festbord!



Eg fann fort ut at det er ikkje så enkelt å ta fine bilete av digre langbord i leigde lokaler, men de får prøve å sette dykk inn i den trivelege stemninga som var rundt dette bordet dagen etter..




Eg ville gjere det enkelt og tok utgangspunktet i lysa eg hadde kjøpt... Fann kubbelys på Nille i den flottaste støv-blå fargen! La til blå Hortensia i både potte og vase og blå perle-blomar.



Blå te-lys i plastkopp plassert i sandkakeformer spredd rundt på bordet var med på å bryte litt opp den stramme symmetrien i lys og blomar elles på bordet..



Bordkorta var spesialbestilt sjokolade med bilete av heidersgjesten på, samt eit par egne favorittar. Satte berre på ein enkel lyseblå dymo-tape med navna på.
(Sjokoladen er bestilt hjå ein lokal leverandør, men ho har og nettbutikk!)



Dagen vart flott, og dåpsbarnet likeså!

God helg til dykk alle!
No skal eg byrje på ei etterlengta blogg-runde!

PS: er det nokon av dykk der ute som har eit tips til meg når det kjem til gode, gratis fotoredigerings-program til mac? På PC tykkjer eg om Photoscape som eit tillegg til Photoshop, men saknar tilsvarande for mac...