fredag 30. november 2012

Godsaker til helga!

Første helga i advent i helga - er du klar?
Eg fekk kalendaren opp på veggen i går kveld, og tatt stjerna og staken ned frå loftet..
Så no er vi klare til å få inn lilla lys og pynt.. Rekner med at eg byrjar i kveld... ;)

Litt forseinka kjem her bilete av den fantastiske goodiebagen eg (og dei andre) fekk frå «Herliget», på det etterkvart mykje omtala treffet..








Er ei stund sia eg tok bileta, men dårleg fotolys gjor at eg ville prøve på nytt.. Men sidan sjokoladen er eten, kaffien trakta og handkremen opna er vel ikkje det lengre eit alternativ... ;)

LUCKY US seier eg berre... ;)

Ønskeliste fra Hviit.no

I år, som i fjor, har Hviit ønskelisteutfordring!

Her er mitt første bidrag;





Reglene er:
  • Du kan lage en collage, låne bilder eller på en annen måte vise frem din ønskeliste fra hviit.no
  • Collagen/bildet/innlegget må linke til hviit.no, merk innlegget med ØNSKELISTE fra HVIIT.NO
  • Du kan gjerne linke til dette innlegget også.
  • Du kan legge ut ønskeliste til deg selv, barna, mannen eller hvem du måtte ønske.
  • Du kan være med hver uke, med en ny liste.

Hver søndag i advent trekker vi en vinner som får en en av ønskene sine oppfylt. Høres ikke det gøy ut? Bli med da vel! Kanskje du får et av ønskene dine oppfylt?



onsdag 21. november 2012

Featured on NIB!

Ojoj! Er ikkje kvar dag denne dama blir «rikskjendis».. hoho!
Men jaggu dukka det ikkje opp eit bilete av meg, i samtale med kjekke Elin og Ann-Helen, på NIB sine sider ifbm bloggtreffet på «Herlighet» førre veke!


Bilete lånt frå NIB


Om du ikkje har vore innom Norske Interiørblogger (NIB) nokon gong, så er det heilt klart å anbefale!

Ha ein flott onsdag!
På Sunnmøre har vi fått ein ny vår, med mildvèr og temperaturar rundt 14 grader!

Plutseleg kjem det innlegg med bilete av det som fekk vere med meg heim frå «Herlighet».. Både lekker goodiebag, og litt shopping..

fredag 16. november 2012

«Heeerliiigheeeet!»

Ja det vart nokre slike utbrot blant forsamlinga i går.. Damene hos «Herlighet» hadde verkeleg slått på stortromma denne triste, våte og grå onsdagskvelden!

Vi blei møtt med levande lys, lekker tapas laga med ingrediensar frå Nicholas Vahè (søren at eg ikkje kjøpte med meg den lange tapas-fjøla!), sprudlevin og store smil!


Desse er så kule!! Eg kjøpte ei.. Har ein plan.. Mogleg det blir fleire...





Naturleg jul...mmm.. I LIKE!











Myyykje flott julepynt! Ønskar meg til juuul! hehe....




Bea-Tell og Marianne frå kvardagslykke har det heilt greit ser det ut til?! hihi...




Vart lite med bilete av bloggarane og arrangørane denne gong... Oooops! Straffar seg å komme heseblesande inn døra rett før dei startar..

Vart mest bilete, og få ord frå meg i denne omgang.. Litt vart det med i handlekorga, og nesten like mykje var det i goodiebagen! Bilete kjem i eit innlegg litt seinare..!

Med dette vil eg få takke alle dei kjekke damene på Herlighet for alt dei stelte i stand åt oss, dei kjekke sunnmørs-blogge-tausene for triveleg skravling og alltid like flotte Solveig og Ann-Helen frå NIB som tok turen!

For fleire (og fyldigare referat) frå kvelden;
Kvardagslykke - Bea-Tell - Draumesidene


onsdag 14. november 2012

Glede!

Er det noko rart at eg gler meg til tref?!
Augene er, ikkje bra, men i alle fall på betringens vei!



Og SJÅ kva dei freistar med på Facebook?!

Lommeboka mi grur seg ;)


tirsdag 13. november 2012

«Herlighet - kor kjekt det skal bli!»

Fantastisk bra ordspel her.. hihi


I morgon den dag, er det bloggtreff hos «Herlighet» i Ålesund (moa)!
Elin rapporterar i dag at vi får fint besøk av sjølvaste NIB-jentene, Solveig (t.h) og Ann-Helen (t.v.)!

Eg var så heldig at eg fekk møte Solveig på Bloggtreff på Ekornes, og det var jammen ei triveleg dame!




Bilete frå NIB.. Lånt av Elin // Draumesider..

Eg har fått augebetennelse.. På BEGGE augene.. Har fått medisin, og håpar på betring til i morgon!
Hvis ikkje.. så freistar det å stille likevel! Kanskje solbriller er eit alternativ? Kryssar uansett fingrane for betring, for jentene på «Herlighet» lokkar med mykje moro!

Skal DU på treff kanskje..?


fredag 9. november 2012

Hvit!

I går kveld hadde eg og minsten litt kvalitetstid.. Barneteateret Vårt hadde satt opp forestillinga «Hvit» på det lokale kulturhuset, og med lovnader om at dette skulle vere eit supert første møte med teater gledde vi oss stort.. Og med all grunn! Det var ei intim og fin forestilling, og sjølv om dei lave små benkane ikkje var beregna på mine lange bein og store rumpe, så var det verdt det. Minsten vart meir og meir entusiastisk og eg fekk eit rungande «Jaaa!» når eg spurte om det hadde vore kjekt. (Han var så strålande nøgd når vi kom heim at eldsten vart nok litt misunneleg.. Sjølv om forestillinga var beregna på dei mellom 2 og 4 år, og eg og han skal på kino og sjå «Reisen til julestjernen».. )





Du kan lese meir om forestillinga her, og det er absolutt noko å vurdere om forestillinga kjem til eit kulturhus nær deg!

God helg til alle!

torsdag 1. november 2012

Bloggtreff i Ålesund!

Herlighet inviterer Sunnmørs-bloggarar til treff!


Meir informasjon vil kome inne hjå Elin!