onsdag 27. februar 2013

Gåve til bruda!

Når vårsola kikkar fram
og den friske vårlufta kjem sigande..

Ja då er det som regel 
eit utdrikningslag eller to som skal planleggast! *hihi*

Lite tips til ei fin gåve til bruda
frå meg i dag!




Eg har ved fleire anledningar 
laga fotobok
og samla minner frå dagen
i ei skikkeleg gåveeske 
til mine venninner..

Dei to eskene eg viser her
er rett og slett skoesker
som er kledd med ordinært gråpapir
og til slutt dekorert med ein stor og flott rosett
laga av plastikk-sperreband
i skikkeleg amerikansk «bachelorette» stil!


Eit festleg innslag på gåvebordet
og eit kjekt minne for seinare!

mandag 25. februar 2013

Helgetur og kjærastetid..

I helga har vi hatt noko so sjeldant
som kjærastetid..

Vi hadde ungefri
og tok turen til Kristiansund..










Ikkje vart det noko særleg shopping
(kjøpte eit par solbriller..)

Heller ikkje rangling, dansing eller uteliv..

Men god lunsj
spasere mens vi snakka om stort og smått
øl-pause
vindushopping
middag ute med vin til
og kvile i/på hotellseng..

Av og til er det godt å berre vere to..
(sjølv om det var innmari godt å kome heim til gulla! *smile*)


Håper du hadde ei fin helg?


fredag 22. februar 2013

Breidablikk på Epla!

Ja no har eg tatt steget, 
og laga meg epla-butikk eg og!



Her vil de i fyrste omgang finne 
..ingenting for eg må ta bilete, men etterkvart..
litt smått som eg har strikka eller hekla
så får eg sjå kva tida vil vise
og kva for inspirasjon som vil kome..

Butikken finn der HER!
Velkommen innom!


fredag 15. februar 2013

Mine fire ønske frå Lunehjem!

Altså.. 
Eg likar utfordringar.. 
Eg likar å surfte i nettbutikkar med lekkert interiør.. 
Eg likar «moodboards» 
Eg likar å kunne vinne ting.. 





1 // 2 // 3 // 4


Så med dette sleng eg meg med på 
der premien er eit gavekort på 400,- frå Lunehjem.no!

tirsdag 5. februar 2013

DiskoBursdagGåve!

Når ungane vert litt eldre
tar sedlane over for 
lego-esker og krukker med perler..

Litt vemodig.. 
For det er stusseleg 
å berre legge pengar 
i eit kjøpekort
synes eg, i allefall.. 

Og då er det kjekt
når ein kan gjere 
berre litt meir ut av det!









På fredag var eldsten i Disko-Bursdag
til to jenter i klassa..

Ny-erverva neontusjar frå eBay,
neonperler, stjerneform, stiftemaskin,
liten plastpose kjøpt på scrappebutikk,
litt svart kartong, små svarte diskokuler frå Nille
og ein aldri så liten ende med neonrosa tråd?

Jau, det vart noko anna!

10-15min med kreativ rekreasjon ved spisebordet 
for mor er heller ikkje å forrakte.. 

søndag 3. februar 2013

Fin søndag!

Håper at alle har hatt ein like fin søndag som oss?

Vi har feira dåpen til vesle Sofie,
nyeste tilskuddet til eit vennepar av oss.

Vi er så heldige at vi har fått bli faddarar
på dette vesle vidunderet,
noko som alltid er ei ære!

Til ære for den lille prinsessa laga eg is-kake
pynta med full-fart vimpelrekke..

I ekstra-gåve fekk ho ei ganske personleg sparebøsse..
(og eit fødselsbilete/plakat med nyfødtbilde og personleg informasjon)

Heimelaga kort er eit must for meg.. 

God søndag!!

No er bunaden av - joggebukse på
og eg er klar for TV og strikking!






(OF har løsna i varmen gitt.. )