lørdag 19. november 2011

Eg er i julehumør om dagen.. Litt tidleg sjølv til meg å vere - men eg klarer berre ikkje å la vere! 

Med åra har eg blitt meir og meir glad i tradisjonelle juleblomar! "MÅÅ" liksom ha julestjerne, svibel, Amaryllis og/eller perleblomar i hus.. Men i år har eg eit lite problem. Nærare bestemt eit problem på 81 cm og 11 kg... Veslebroren er høgt og lavt om dagen og eg er redd det er ein dårleg kombinasjon med giftige juleblomar i vinduskarmen.. Så julestjerna er vel då utelukka? Men kva med Amaryllis og perleblom? 

Er alt giftig og fy-fy? 
Forslag til alternativ...?



Illustrasjon; random google picture search..

No er det føtene opp og kakao i handa før eg finn senga - så er eg klar for kosesøndag med gutta. 
Vi har husarbeid og gåveproduksjon på tapetet. Kvardagslukke!

2 kommentarer:

  1. Dei har no funne ut at julestjerna ikkje er så giftig likevel! Den er nok ikkje noko meir giftig enn dei andre plantene du har i hus, så da kan du slå til med eit par julestjerner til jul ;) http://www.helsedirektoratet.no/giftinfo/julestjerne_er_en_lite_giftig_plante_291674

    Eg gledar meg også til advent og jul! Gledar meg stort til å pynte til jul i eigen heim for fyrste gong. Må nok bli nokre julestjerner her i huset også ;)

    SvarSlett
  2. Ja det var det beste loppemarkedet ej he vør på så langt! :D Men oss må spore opp fleire, eller oppsøke en av bruktbutikkane i byen i åpningstide. Ej vil ha ei lita settekasse til scrapperommet mitt, Kristoffer he fått låne den ej hadde på Skøye :p

    SvarSlett

Om du vil legge igjen ett ord, eller to, så blir jeg veldig glad :)