fredag 10. august 2012

Blåe bær, muffins og helg..

God fredag, og god HELG!

Helg er det beste eg veit.. Vi har ingen spesielle planar for denne helga.. Kose oss tenkjer eg.. Kanskje plukke litt meir blåbær? Forrige helg fekk vi plukka nøyaktig 250gr før regnet jaga oss inn igjen.. Flaks for oss så var det akkurat nok til ei røre av blåbærmuffins-oppskrifta til Hummingbird bakery.. mmm!






onsdag 8. august 2012

«Ny» lampe!

Det er litt «skymt» i stova med oss om dagen.. Grunnen er at eg (og mannen...) må finne oss nye lampar til stova.. Ikkje mindre enn 3! Og alle til kvar sitt bruk.. Skal ikkje vere enkelt nei!

Men denne søte saken står og lyser opp i eit hjørne for seg sjølv.. Utruleg kor langt ein kan komme med ein ny skjerm!




{skjermen er frå by Rydèns, og kjøpt på Gekås Ullared i sommar, for den nette sum av 59,- eller noko i den dur..}

Det hjelp og på med ny farge på veggen for å seie det slik..


God lille-laurdag!


tirsdag 7. august 2012

Snik-kikk!

Som nevnt i forrige innlegg var det nokre dagar der det var lite anna enn maskeringstape og tomklang på stova.. Her skal de få nokre bilete av kvifor!






{nærmaste veggen er «sjøsand».. eg ville ha den på stova og, men mannen protesterte.. høglytt! dama på fargehandelen sa at «Ida» hadde samme fordelinga mellom raudt og gult, men at den var lysare.. eg er ikkje heilt overtydd, men var ingen skjemmande forskjell i alle fall...}



Berre ein liten snik-kikk på stove-endringa som er på gang.. Vi har ikkje den enklaste stova å møblere på grunn av skråtak, mange vindauge og fleire halvveggar.. Så no om dagen puslar eg med å plassere møblar og belysning med meir..

Men det er berre SÅÅ deilig å endeleg vere kvitt dei mintgrøne veggane som vi har levd med dei siste 6 (!) åra...



  

mandag 30. juli 2012

Hjallis-hue!

I løpet av den tida eg var vekke frå bloggen no sist, fekk eg faktisk produsert både det eine og det andre.. Ein av dei tinga var ei Hjallis-hue til minstemann!



Den vart ferdig i god tid til 17. mai, og vart kjempefin om eg må få sagt det sjølv... hihi



Mønsteret var kjempeenkelt og den var veldig deilig på!



No er det straks klart for å få gutta i seng, men det er ikkje strikking som står på planen i kveld nei... Eg kan hinte såpass at det er veldig lite på stova mi no.. Anna enn tomklang og maskeringstape... Hurra!




søndag 8. juli 2012

Instagram



Som så mange andre har eg fått meg Instagram-konto!



Eg har diverre ikkje iPhone og har venta i lengsel på at dei skulle sleppe app'en for Android..



Brukarnamnet mitt er.... ja du gjetta riktig..., Breidablikk...



Eg har dilla på diverse foto-app'ar om dagen.. både på telefonen og på iPaden... <3




 

fredag 6. juli 2012

Kjære bror..

Eg hadde ein av brødrene mine på besøk her om dagen.. Han skal ein tur på IKEA i løpet av sommaren saman med ein kompis, og lurte på om eg hadde nokre tips til kva han burde kjøpe..

Han hadde allereie plukka seg ut ei tv-møbel for å få meir oppbevaring på stua, men ynskte seg nye gardiner og kanskje nokre puter (for det var så innmari ubehageleg å ligga på sofaen..)

Eg var sjølvsagt fleire sjumilssteg forran og inne på IKEA.no for lengst, på jakt etter ymse han kunne (skulle) handle for meg...

Og mens eg tråla nyhendene og tekstil-avdelinga på nett, fann eg fleire ting eg tykkte han burde kjøpe.. Var det ikkje på tide med ein liten make-over av stova kanskje? Tross alt over eit år sidan han flytta inn...

Diverre var han ikkje eining i mitt, om eg må få seie det sjølv, stråååålande forslag!



(Barbro gardin - PS lampe - Popptorp stol)


Nu vel.. Ungdommen no til dags og alt det der...  Kva tykkjer du? Fint?



torsdag 5. juli 2012

Bloggtreff! i Ålesund!

Ojoj! Når eg har sett innlegg hjå andre interiørbloggarar frå bloggtreff dei har vore på, har eg ønska at noko slikt skulle blitt arrangert her i nærleiken og...

Ikkje at eg ser på meg sjølv som ein superbloggar, mine plutselege og tidvis lange pausar til dømes er vel ikkje akkurat tegn på det? Men eg er veldig interessert i interiør og trur eg hadde fått mykje god input og lærdom frå eit slikt treff!

Og no skal det skje!



Om dette kunne vere noko for deg, så send ein mail du og!

Info finn du her (hjå Jordbærpiken)