Av og til er eg litt seint ute med ting.. Som å levere bursdagsgåve til ei som hadde bursdag to dagar etter at vi reiste på ferie.. (for eg kom då ikkje på å levere FØR vi reiste må vete!)
Eg er ein stor tilhenger av at det er ikkje prisen som avgjer verdien på gåva... Dyre ting kjøpt fordi dei er dyre, gjerne av nokon
utan med anna smak enn ein sjølv, eller billig-ræl kjøpt berre fordi ein følte at ein måtte kan vere det same for meg.. Men når gåva er gitt med omtanke! Då er det med eit noko anna!
Eg prøver så ofte som mogleg å gje noko som betyr noko.. Anten det er i en spesiell farge, fordi eg veit mottagaren likar den.. Eller om det er noko mottagaren ønskar seg/treng/likar...
Og ei lita gåve treng ikkje vere kjip om den er lita.. Eg gav denne eska med te til ei venninne av meg.. Med heimelaga lappar med ord på som ein blir glad av (eller bør vere glad for)... Eska er frå Kremmerhuset..
Gratulerer med
dagen overstått Susanne!