Ja det vart nokre slike utbrot blant forsamlinga i går.. Damene hos «Herlighet» hadde verkeleg slått på stortromma denne triste, våte og grå onsdagskvelden!
Vi blei møtt med levande lys, lekker tapas laga med ingrediensar frå Nicholas Vahè (søren at eg ikkje kjøpte med meg den lange tapas-fjøla!), sprudlevin og store smil!
Desse er så kule!! Eg kjøpte ei.. Har ein plan.. Mogleg det blir fleire...
Naturleg jul...mmm.. I LIKE!
Myyykje flott julepynt! Ønskar meg til juuul! hehe....
Bea-Tell og Marianne frå kvardagslykke har det
heilt greit ser det ut til?! hihi...
Vart lite med bilete av bloggarane og arrangørane denne gong... Oooops! Straffar seg å komme heseblesande inn døra rett før dei startar..
Vart mest bilete, og få ord frå meg i denne omgang..
Litt vart det med i handlekorga, og nesten like mykje var det i goodiebagen! Bilete kjem i eit innlegg litt seinare..!
Med dette vil eg få takke alle dei kjekke damene på Herlighet for alt dei stelte i stand åt oss, dei kjekke sunnmørs-blogge-tausene for triveleg skravling og alltid like flotte Solveig og Ann-Helen frå NIB som tok turen!
For fleire (og fyldigare referat) frå kvelden;
Kvardagslykke -
Bea-Tell -
Draumesidene