onsdag 4. juli 2012

Ønskeliste

Aj,aj,aj!
I desse dagar feirar Kremmerhus-bloggen sin fyrste bursdag, og det feirar dei med å gje vekk 3 (TRE!) ønskelister til ein verdi av 2500,- kvar!

Dett må eg SJØLVSAGT vere med på!

Eg har kjøpt mange favorittar på Kremmerhuset oppigjennom åra, og for tida er dette nye favorittar..






(hmm...ser at det går mykje i beige og grått/zink hos meg.. Bombe! hehe....)




Måtte vinnarlukka stå meg bi!



Edit: haha... ser no at eg var nok forseint ute.. fristen var på mandag! men la gå.. framleis favorittar om dagen, og framleis: gratulerer med dagen som var Kremmerhus-bloggen!



 

lørdag 16. juni 2012

Fram frå dvalen..

Eg har aldri vore så lenge vekke frå bloggen før.. Det skuldast dels teknologisk svikt.. Men aller mest fordi eg har ikkje hatt den heilt store bloggeinspirasjonen.. Men eg er rar slik.. Til meir eg har å gjere, til meir inspirasjon og skaparglede har eg! Så no som eg har byrja å jobbe igjen... Full stilling... No er eg klar for meir blogging! I tillegg fekk eg iPad i hus til helga, og etter eit lite raid i nokre favorittbloggar er eg verkeleg superinspirert! Eg har fleire prosjekt å vise fram sidan forrige livstegn, mellom anna soverommet vårt.. Og det skjer eit og anna i hagen om dagen...! Så følg med.. Er plutseleg tilbake!

søndag 19. februar 2012

Fastelavn!

Det er "sjølvaste" fastelavn-søndag i dag og no sit eg med føtene høgt, strikk i fanget og film på tv'en..
Blogginga har havna i baksetet siste tida, med sjuke ungar og anna stress. Men sidan sist er soverommet ferdig, litt nytt har kome i hus og nye prosjekt er under planlegging..

Popping av popkorn på bål i hagen!

Inntil neste innlegg legg eg ved eit bilete av vår fastelavnskos i dag.. Deilig med friskluft og nysnø!
(I år prøvde vi oss også på Berliner-bollar - som er min barndoms fastelavnsbollar.. Ingen ubetinga suksess.. neste år inviterer eg meg sjølv til pappa på besøk... hihi..)

God søndag!

mandag 16. januar 2012

wordfeud..


Farsotten når nye høgder!

Published with Blogger-droid v2.0.3

tirsdag 10. januar 2012

Nytt år og ny seng!

Etter å ha vore sjuk store delar av jula satsar vi no på ein frisk start på året! 

Mannen og eg var på ei lang runde fredag for å sjå på sengar.. Var innom dei fleste forhandlarar, og favoritten fann vi på Bohus som var dagens siste stopp... 

Illustrasjonsbilete...

Det vart tempur! Med samme bein som den på biletet, men med koksgrå trekk og utan gavl..

Med 4 vekers leveringstid får eg tid til å tenke på kva for farge eg vil ha på veggane i soverommet, for når vi først har tatt ut den digre senga SKAL eg fornye rommet litt før den nye skal inn... 

Så no er eg på soveromsinnspirasjonsjakt! Tips?

onsdag 21. desember 2011

Julekort 2011

Det er 3 luker att i julekalenderen og julekorta er for det meste sendt/levert ut..
Så kan eg vise det fram her..

Tenkte å ta julekortbilder sjølv, men sidan vi var hos fotograf i slutten av november med han som er snart 1 år, ville tilfeldighetene det slik at det vart motiv derifrå i år..



Kanskje ikkje det mest tradisjonelle, sukkersøte julekortbilde med smilande barn på i år.. Det får vi ta att neste år... Men eg er sææærs nøgd med englane mine... <3  (sjølv om den eine grèt og den andre tullar..)

For alle i Ålesund og omegn vil eg anbefale dyktige Aida Kjerstad Urkedal/AidaFoto..! Vi har nytta henne til bryllup, gravid, baby/dåp og 1 års/familiefotografering.. ALLTID nøgd!

----------------

I dag reiste pappaen i Nordsjøen, for turnusen ville det slik at vi ikkje fekk han heime i jula i år.. Blir litt rart, men på den andre sida er dette noko som høyrer med den jobben han har.. Så gutane og eg gjer det beste ut av det og kosar oss likevel. Idag er det julemusikk og julebakst på programmet..!


torsdag 1. desember 2011

1. desember!


Dagen er her endeleg! Litt vemodig i år, sidan det er min siste månad i permisjon.., men FOR ei avslutning det blir! Ein spent storebror trippa frå soverommet og til stua i dag og stråla om kapp med adventsstjerna i dei mørke morgontimane, der han venta på klarsignal til å åpne første pakken...


Kalenderen er den same som han alltid har hatt, søte julemus frå SIA, kjøpt den jula han var 3 år.
(Inni er det ein demontert Lego Star Wars-kalender....)


Ikkje ofte eg gjer meg klar for senga i disse tider, men tiiiidleg i morgon set eg nasen mot Riga saman med mannen og eit venepar... Ååååhh som eg gler meg!! Det skal bli 3 dagar med kos, julegåveshopping og tid til kvarandre..