onsdag 17. april 2013

#bruktduellen

Det med gjenbruk og shoppestopp er i vinden som aldri før,
med kjente navn som Jenny Skavlan i front som oppfordrar til å «Sy om»

Eg er ikkje så god på akkurat det å sy om kle.
Men så kjøper eg og svært sjeldan klede til meg sjølv.

MEN... (der var eit «men» til..) eg er dårleg på å motstå interiør-freistingar..
Så, kvifor ikkje, eg sleng meg med kampanjen til finn.no, ikkje kjøpe nytt på 50 dagar..
Og sidan NIB og freistar med ei utfordring i mai som skal handle om mykje av det same..
Here it goes!




Det aller finaste bruktkjøpet mitt er denne skuvsenga som eg vann etter budrunde på Loppemarknad!
Planen var å male den og tilpasse den til veslebroren sitt rom, men sidan det ikkje er klart så skal han kanskje berre få søve i den som den er ei stund.. Har vore for kaldt til å male til no, så har liksom ikkje kome so langt! (som med so mykje anna.. TTT!)


fredag 8. mars 2013

«Kva er det der?!»

Spontan reaksjon frå mannen i det eg løftar ein firkanta sak i pleksiglas opp frå den store eska eg nett hadde henta på postkontoret.



«Det er ein lysestake» Ein heilt sjølvsagt ting i mine auge, og kul var han og! Her var det fram med lys og få plassert han på bordet med ein gong.

«Adventsstake liksom?» kjem det forsiktig frå mannen..




«Det kan han og brukast til! Den er genial! Eg kan style han til AKKURAT den anledninga eg VIL!» Framleis ingen entusiasme å spore hjå min betre halvdel..



Etter ei stund med stille betraktning kjem han fram til at «jaja.. Det er vel greit. Eg kjøpte meg leirduekastar i dag..»

Og ja, det ER heilt greit...


Kvinner er kvinner.. Og menn er menn...
God helg til dåkke alle på sjølvaste kvinnedagen!


Lysestaken er kjøpt hjå fru Rosas landhandel 
Vasane er frå Kremmerhuset, Rice og Søstrene Grene mm

onsdag 27. februar 2013

Gåve til bruda!

Når vårsola kikkar fram
og den friske vårlufta kjem sigande..

Ja då er det som regel 
eit utdrikningslag eller to som skal planleggast! *hihi*

Lite tips til ei fin gåve til bruda
frå meg i dag!




Eg har ved fleire anledningar 
laga fotobok
og samla minner frå dagen
i ei skikkeleg gåveeske 
til mine venninner..

Dei to eskene eg viser her
er rett og slett skoesker
som er kledd med ordinært gråpapir
og til slutt dekorert med ein stor og flott rosett
laga av plastikk-sperreband
i skikkeleg amerikansk «bachelorette» stil!


Eit festleg innslag på gåvebordet
og eit kjekt minne for seinare!

mandag 25. februar 2013

Helgetur og kjærastetid..

I helga har vi hatt noko so sjeldant
som kjærastetid..

Vi hadde ungefri
og tok turen til Kristiansund..










Ikkje vart det noko særleg shopping
(kjøpte eit par solbriller..)

Heller ikkje rangling, dansing eller uteliv..

Men god lunsj
spasere mens vi snakka om stort og smått
øl-pause
vindushopping
middag ute med vin til
og kvile i/på hotellseng..

Av og til er det godt å berre vere to..
(sjølv om det var innmari godt å kome heim til gulla! *smile*)


Håper du hadde ei fin helg?


fredag 22. februar 2013

Breidablikk på Epla!

Ja no har eg tatt steget, 
og laga meg epla-butikk eg og!



Her vil de i fyrste omgang finne 
..ingenting for eg må ta bilete, men etterkvart..
litt smått som eg har strikka eller hekla
så får eg sjå kva tida vil vise
og kva for inspirasjon som vil kome..

Butikken finn der HER!
Velkommen innom!


fredag 15. februar 2013

Mine fire ønske frå Lunehjem!

Altså.. 
Eg likar utfordringar.. 
Eg likar å surfte i nettbutikkar med lekkert interiør.. 
Eg likar «moodboards» 
Eg likar å kunne vinne ting.. 





1 // 2 // 3 // 4


Så med dette sleng eg meg med på 
der premien er eit gavekort på 400,- frå Lunehjem.no!

tirsdag 5. februar 2013

DiskoBursdagGåve!

Når ungane vert litt eldre
tar sedlane over for 
lego-esker og krukker med perler..

Litt vemodig.. 
For det er stusseleg 
å berre legge pengar 
i eit kjøpekort
synes eg, i allefall.. 

Og då er det kjekt
når ein kan gjere 
berre litt meir ut av det!









På fredag var eldsten i Disko-Bursdag
til to jenter i klassa..

Ny-erverva neontusjar frå eBay,
neonperler, stjerneform, stiftemaskin,
liten plastpose kjøpt på scrappebutikk,
litt svart kartong, små svarte diskokuler frå Nille
og ein aldri så liten ende med neonrosa tråd?

Jau, det vart noko anna!

10-15min med kreativ rekreasjon ved spisebordet 
for mor er heller ikkje å forrakte..