
onsdag 31. oktober 2012
Lys i mørkre..
Det blir sagt at graskarlykta stammar i frå mannen med graskarlykta. Ei gammal, irsk myte fortel om ein drukkenbolt av ein smed ved navn Jack, som vart nekta adgang i himmelen etter sin død. På grunn av at han ved ei anledning hadde narra sjølvaste fanden, vart han og avvist i helvete. Djevelen sendte han på dør, tok eit stykke kol frå helvetes evig brennande ild og kasta mot Jack. For å hindre at vinden skulle blåse ut ilden, la Jack kolstykket i ei hul kålrot og brukte den som lykt. Sidan den gong er Jack dømt til å vandre i mørkre som eit symbol på alle fortapte sjeler. I nattemørkret, 31. oktober, kan han bli sett med lykta blafrande i vinden mens han forgjeves jaktar på ein siste kvilestad…

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Om du vil legge igjen ett ord, eller to, så blir jeg veldig glad :)